top of page
155801789_189329085877306_23170075858790

OM NORSK STORBILTREFF

Helga 21.–23. august inviterer vi nok ein gong til Norsk Storbiltreff på arenaen til Norsk Countrytreff på Breim!

 

Vi er ein gjeng entusiastar som ikkje har anna til felles enn at vi enten arbeider med, eller har stor interesse for storbilar. Det starta med ei enkel tanke — vi sakna eit storbiltreff i området, og difor tok vi saka i eigne hender og laga det sjølve. Det er vi glade for at vi gjorde!

Treffet skal vere for alle typar storbilar, men har to fokus: veteranbilar og godt miljø. Bilen du har med treng verken vere gamal eller påkosta ein masse utstyr, krom og lakk. Treffet er for alle!

Laurdag på dagtid er familiedag, og vi ynskjer spesielt å invitere barn og unge med! Det blir ei rekkje gratis aktivitetar gjennom dagen — perfekt for heile familien. Meir informasjon finn du under Aktivitetar

bottom of page