top of page

The Wedding Crashers

The wedding crashers1.JPEG

The Wedding Crashers er eit energisk festband som leverer kjende coverlåtar med fullt trøkk!I front står Irisa, som deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 2025 med eigen låt.Her blir det høg allsangfaktor, masse energi og eit band som verkeleg veit korleis dei skal få publikum med på festen!

The Hit Station

Hit Station byr på kjende hits, høg allsangfaktor og masse speleglede! Med eit breitt repertoar frå rock og pop til dei store balladane, ligg alt til rette for skikkeleg feststemning.

På repertoaret står låtar frå artistar som Aerosmith, Bryan Adams, Coldplay, Billy Idol, Pink, Genesis, Tom Petty, DumDum Boys, Rihanna, Lenny Kravitz og mange fleire.

Hit Station leverer låtane du kjenner – og låtane du ikkje visste du hadde sakna!

Jens Petter Dyrdal

Jens-Petter Dyrdal er for mange kjent som låtskrivar og vokalist i countryrockbandet Kruttrøyk. Som trubadur byr han på eit breitt repertoar med kjende og kjære låtar, levert med gitar, solid vokal og godt humør. Her får du musikk frå artistar som Alan Jackson, Creedence Clearwater Revival, Hellbillies, Dance With a Stranger og mange fleire. Med eit variert repertoar og mange kjende klassikarar på lur, ligg alt til rette for ein knallbra kveld!

bottom of page