top of page

AKTIVITETAR

 El-bilar for born

​​

​«Har du ein liten sjåfør i familien? På familiedagen laurdag kan dei minste setje seg bak rattet og køyre sin eigen el-bil rundt bana! Dei får til og med sitt eige førarkort når dei er ferdige — ein favoritt blant dei yngste!»

IMG_1584 (1).jpg


Stablekonkurranse med gravemaskin


«Prøv deg på stablekonkurransen med gravemaskin! Oppgåva er enkel — stable dekka så høgt som mogleg. Men når du sit bak spakane er det ikkje fullt så lett som det ser ut! Kan du slå rekorden?»

485370273_1043721987796031_4084145448384811767_n.jpg

Kjettingpålegging – kvalifisering til Kjetting-NM»
 

«Tør du prøve deg på kjettingpålegging? Legg kjettinga på riktig og så raskt du kan – beste tid kvalifiserer deg til Kjetting-NM.»

482027528_1031447379023492_8310372699213614483_n.jpg

Presisjonskøyring med lastebil

I presisjonskøyringa skal du manøvrere lastebilen gjennom ei løype – utan spegel! Det gjeld å kome så nær hindra som mogleg, og kvar passering vert målt. Den med best resultat tek heim premien. Lett å sjå på, vanskeleg å meistre!

⚠ Krev minimum 18 år og gyldig bilsertifikat.»

Skjermbilde 2026-06-17 115159.jpg


Krankøyring

Er du stø på labben??
Prøv deg som kranførar på ei skikkelig lastebilkran!


Vågsøy RC

​​​Gutta frå kysten kjem og viser fram eit stort utval radiostyrte køyretøy og maskiner! Her blir det blant anna lastebilar, anleggsmaskiner, båtar og mykje anna tøft å sjå på

IMG_6206.JPG
IMG_0317.jpg


Hoppeslott

Det blir hoppeslott for dei minste gjennom dagen. Skulle det bli regn i lufta, flyttar vi aktiviteten innandørs

IMG_9841.HEIC


Lastebilsimulator

Ta plass bak rattet og prøv deg som lastebilsjåfør! Her kan både små og store teste køyreferdigheitene sine i lastebilen

IMG_0341.jpg

FULL FART HEILE HELGA!

I tilegg til aktivitetane over er det masse spennande og sjå på. Både nye og gamle lastebilar, veteranbilar, rånetraktorar!
Det blir kåringar, konkurransar og masse flotte premiar til barn og voksne!

 

155833120_858466114717491_68002215969839
bottom of page